Partydop-eksplosjon i Norge: – Vi er i ein kritisk fase, åtvarar Kripos

Oslo  20170818.
MDMA er virkestoffet i partydopet ecstasy , narkotiske stoffer.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Oslo 20170818. MDMA er virkestoffet i partydopet ecstasy , narkotiske stoffer. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Antall partydop-beslag økte i første halvår.

Talet beslag av partydopet MDMA nasjonalt er 14 prosent høgare i første halvdel av 2018 enn på same tid i fjor. Samstundes blir fleire narkotiske stoff stadig sterkare.

Dagbladet siterer Kripos sin narkotika- og dopingstatistikk for første halvår i 2018. Ifølge denne rapporten er det beslaglagt rundt 19.000 tabletter og omtrent fem kilo MDMA-pulver og krystallinsk materiale.

Rapporten trekkjer fram at produkta har generelt høg reinheit, og at det er ein faktor som gir en betydeleg større risiko for overdose. Det same gjeld for kokain, som ifølgje Kripos har ein gjennomsnittlig styrkegrad på 66 prosent. Det er den høgaste sidan 2002.

Flere av beslaga er gjort av tollvesenet, der stoffet er bestilt på det «mørke nettet».

– Vi er i ein kritisk fase no. Det er ein formidabel auke, seier senioringeniør Elisabeth Drange i Kripos sin seksjon for narkotikaanalyse til Dagbladet.

Ho trekkjer også fram at beslag av GHB har auka med 25 prosent samanlikna med fjoråret. I 2017 var auken i beslag på heile 37 prosent samanlikna med året i forvegen.

Trass auken i MDMA og GHB fall det totale talet narkotikabeslag i fjor for fjerde år på rad. Då blei det registrert 25.230 saker. Det er over 6.000 færre enn i toppåret 2014.

  Mindreårig jente teken med opp mot 500 brukardoser ecstasy under fest i Florø. No slår politiet alarm om dopbruk blant unge.

(©NTB)

Send tekst og bilder «

Vi vil gjerne høre om smått og stort som foregår i kommunen

Artikkeltags