Google sporar deg anten du vil eller ikkje

Google sporar dine bevegelsar og lagra posisjonsdata sjølv når du har skrudd av posisjonsloggen på din einhet, ifølge AP. Foto: Marcio Jose Sanchez, AP/NTB scanpix

Google sporar dine bevegelsar og lagra posisjonsdata sjølv når du har skrudd av posisjonsloggen på din einhet, ifølge AP. Foto: Marcio Jose Sanchez, AP/NTB scanpix

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Google sporar dine bevegelsar og lagra posisjonsdata sjølv når du har skrudd av posisjonsloggen på din einhet, ifølge AP.

«Du kan slå av posisjonsloggen når som helst. Viss posisjonsloggen er slått av, blir ikkje stadene du drar til, lagra lenger».

Slik beskriv Googles retningslinjer for personvern korleis du kan unngå at informasjon knytt til kor du er vert lagra.

Det er ikkje helt riktig, ifølge nyheitsbyrået Associated Press (AP).

Sjølv om Google for det meste er ganske opne og oppriktige om å be om løyve til å bruka din posisjon, lagrar fleire av Google-appane automatisk posisjonsdata utan å spørje om lov – sjølv når du har deaktivert innstillingane.

Personvernssituasjonen påverkar om lag to milliardar Androidbrukarar og hundrevis av millionar Iphonebrukarar rundt om i verda, som alle brukar Googles kart- eller søkefunksjonar.

Solveig (16) skal segle jorda rundt på skule 

– Forbetrar brukaropplevinga

– Det er ein rekke måtar Google kan brua posisjon til å forbetre brukaropplevinga, mellom anna posisjonslogg, app- og nettaktivitet og gjennom stadstenester på einingane, seier ein talsperson for Google i eit utsegn til AP.

Google meiner dei har sitt på det tørre og at det står klart og tydeleg i deira personvernbeskrivingar.

– Vi gir klare beskrivingar av desse verktøya og robuste kontrollmekanismar slik at man kan skru dei på eller av og sletta historikken når som helst, seier talspersonen.

Slik kan du låne 9000 e-bøker rett til telefonen din, heilt gratis! 

Annonseinntekter

Kritikarar meiner grunnen til at Google er så opptatt av å spora sine brukarar er for å auke annonseinntekter.

– Dei trekk reklamerelatert informasjon ut av dataene. Meir informasjon om brukarane betyr antakeleg meir profitt for dei, seier analytikar Peter Lenz i selskapet Dstillery, som driv med annonseteknologi.

Om du vil forhindra Google i å vite kor du er, finst det derimot ei løysing.

Ved å gå inn på Min aktivitet i nettlesaren, kan du deaktivera både nett- og appaktivitet samt posisjonsloggen. Det forhindrar at posisjonsmarkørar blir knytt til din Google-konto.

Medan den einaste politipatruljen i Nordhordland var på oppdrag i Åsane, fekk politiet melding om ein knivepisode i Gulen 

Send tekst og bilder «

Vi vil gjerne høre om smått og stort som foregår i kommunen

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken