Møt Bettan på biblioteket

Journalist og forfatter Arnhild Skre har skrevet biografien Bettan, om Elisabeth Andreassen. Møt Bettan og Arnhild Skre på Enebakk biblioteket, til en livsnær samtale om musikk, kjærlighet og livsmestring.

Journalist og forfatter Arnhild Skre har skrevet biografien Bettan, om Elisabeth Andreassen. Møt Bettan og Arnhild Skre på Enebakk biblioteket, til en livsnær samtale om musikk, kjærlighet og livsmestring. Foto:

Av

Neste veke er det fleire spennande arrangement på biblioteket i samband med Litteraturfestivalen i Akershus.

DEL

Onsdag 23. oktober er det barnebokbad. Elevar ved 6. trinn på Ytre Enebakk skole intervjuar A. Audhild Solberg, forfattaren av bestseljaren Kampen mot superbitchene.

Fredag 25. oktober kl. 18 kjem Bettan til biblioteket. Bettan har vore velkjent for oss alle sidan sigeren med Bobbysocks i Grand Prix på midten av 1980-talet. Arnhild Skre har skrive ein biografi om henne: Bettan: Jag er skitbra. Denne fredagen blir det ein samtale mellom dei to på Enebakk bibliotek. Arrangementet begynner kl. 18.

Laurdag 26. oktober kl. 15 får me besøk av Camilla Kuhn. Kuhn er forfattar av nokre av dei beste lettlest-bøkene som er skrive dei siste ti åra. Bøker som Ryddetid, Ida og ulven og Lunda på rideskole har vist at det går an å skrive spennande og morosame historier i eit svært knapt format. Denne laurdagen kjem Camilla Kuhn og les frå boka Gorm er en snill orm. Me lovar at det blir både overraskande og gøy. Arrangementet er gratis og passar for barn frå 4 år og opp til 99.

Søndag 27. oktober kl. 19 arrangerer biblioteket i samarbeid med Enebakk kirke diktkvelden Nåde. Merk at arrangementet blir i Enebakk kirke. Det blir diktlesing ved Bengt-Erik Børli og Steinar Opstad. Ramma for kvelden vil vere ei enkel messe. Dette vil vere avslutningsarrangementet for Litteraturfestivalen i Akershus. Og også siste post på programmet på «Dikt og drap», som har vore Enebakk biblioteks prosjekt under Bokåret 2019.

Arrangementet er støtta med midlar frå Nasjonalbiblioteket.

Mer om litteraturfestivalen i Akershus kan du lese her.


Artikkeltags