Poesibilen kommer til biblioteket

Poesibilen kommer til Enebakk. Se opp for poesibøter.

Poesibilen kommer til Enebakk. Se opp for poesibøter.

Av
DEL

Laurdag 28. september kjem poesibilen med Ted Granlund til Enebakk bibliotek. Med seg har han gjestepoet Torgeir Rebolledo Pedersen og ei heilt fersk bok med dikt av elevar på 6. trinn på Kirkebygda skole.

Ted Granlund var på biblioteket på forsommaren og hadde kombinert diktverkstad og teikneverkstad med elevane som no går på 6. trinn. Det har blitt til ei bok.

Alle elevane på trinnet får spesialinvitasjon til arrangementet, men arrangementet er opent for alle. Og det vil vere dikt for både små og store på programmet.

Poesibilen er blitt kjent i Norge fordi den er veldig lik ein politibil, men det er altså ein poesibil. Og Ted og dei andre som driv arbeidet skriv ikkje ut parkeringsbøter, men gir poesibøter og liknande.

Denne lørdagen er Torgeir Rebolledo Pedersen gjest. Han har gitt ut bildebøker, dikt og u-dikt for barn og unge og mange diktsamlingar for vaksne.

Tid: Enebakk bibliotek lørdag 28.september klokken 15

Arrangementet er gratis og støtta av Nasjonalbiblioteket. Det er ein del av «Dikt og drap», som er bibliotekets prosjekt i Bokåret 2019.

Artikkeltags