Hopp over bukken

Dagens unge sit meir på baken. Dette er urovekkjande ikkje berre for kvar einskild ungdom men og for samfunnet.

Publisert 27.02.2012 kl 13:55 Oppdatert 27.02.2012 kl 13:55

Tips en venn på e-post:



Ein veit at auken i sjukdommar både når det gjeld muskel og skjellett samt psykiske lidingar er stor. Med dårleg fysisk helse får ein og ofte dårleg psykisk helse.

Fråfall av ungdom i den vidaregåande skulen er stort. Me får fleire unge uføre. Og sjukefråværet er høgt. Ein kan vere einig om at meir aktivitet må inn i skulen. Og då rett aktivitet som dei unge likar. Det nyttar ikkje med gamle bukkar der alle opplevde frå tid til annan at ein landa oppå bukken i staden for over. Nei, vi må spela på lag med dei unge. Mange er allereie innom eit treningsstudio og brukar ulike tilbod der. Samstundes har teknologien nådd langt og på andre felt med ulike rørslespel.

Ein må og kunna få bakt inn aktivitet i anna undervisning. Tenk nytt! Ta inn andre som personlege trenarar og dei som driv treningsstudio inn i skuleundervisninga. Andre grupper som Fysioterapeuter/fysioterapistudentar må ønskjast velkomne inn i skulen. Desse for å førebyggje. Andre grupper er dei vaksne som allereie driv med trening av ymse slag. Mange kan vere gode rollemodellar som kan få ungdommen med seg. Ernæringsfysologar er ein anna og viktig gruppe. Kosthald og god helse heng saman.

Ofte kan det vere lettare å ta inn det som utanforståande kjem inn med enn den læraren som og har fleire undervisningsfag.

Me må tora å tenkja nytt. Skulen må opnast for fleire yrkesgrupper. Det fortener ungdommen.

Laila Marie Reiertsen

Stortingsrepresentant Frp

På forsiden nå


...

Heidi er forsidepike

Skistjernen pryder storsenterets høstmagasin.

...

Suksessen har fått en storebror

Og den kommer i to utgaver samtidig.

...

Kan ikke bruke banen

Kamper må avlyses i Flatebyhallen.

...

Ny løsning for gratulasjoner

Nå kan du også få gratulasjonene på nettavisen vår.